Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Møte 8 program opplevingsnæringar


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 08.08.2007
 

Ei arbeidsgruppa, med representantar frå Innovasjon Norge, Fylkesmannen, fylkeskommunen og politisk leiar, gjekk gjennom dei 33 søknadane. Dei innstilte på til saman kr 1,5 mill i tilskot til 11 prosjekt.

Målet med møtet var å laga ei best mogleg kvalifisert innstilling av løyvingar til dei ulike søknadane, basert på programmåla og rollefordelinga mellom dei offentlege finansieringsinstitusjonane Innovasjon Norge, Fylkesmannen og fylkeskommunen.

Til møtet hadde derfor dei ulike institusjonane med oversikt over relevante ordningar og avtalar.

Arbeidsgruppa gjekk gjennom alle prosjekta, kategori for kategori. Ein kryssa då av dei prosjekta som var mest interessante i høve programmet. I neste omgang korrigerte ein tilskot i høve søknad, budsjett, kvalitet, etc..

Arbeidsgruppa la i dette arbeidet vekt på å stø utviklingsarbeid, eller nyskapande arbeid, og mindre typiske driftstilskot. Arbeidsgruppa var også oppteken av å stø både utvikling av etablerte opplevingsbedrifter, tiltak som kunne skapa nye opplevingsbedrifter, og elles føringar frå utlysingsteksten.

Under denne prosessen var ein også oppteken av om det var søkt om midlar til tiltak, som andre utviklingsavtalar tok hand om, eller om søknadane heller skulle vore finansierte direkte frå institusjonane.

Resultat:

Resultatet av møtet var at arbeidsgruppa rådde til fordeling av kr 1.520 mill kr til 11 prosjekt, av eit samla budsjett på kr 2 mill, og 33 prosjektsøknader. Arbeidsgruppa meinte at dette kunne vera eit godt grunnlag for styringsgruppa til å gjere endeleg vedtak.

Adresse og område med aktivitet:

Fylkesmannen Sogn og Fjordane
Hafstadgården, Førde

Arrangør:

Program Opplevingsnæringar 2007 - 2008
Sogn og Fjordane

Oppstartsdato: 14. juni 2007 1000
Avslutningsdato 14. juni 2007 1400

Forankra til:
Opplevingsnæringar

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
opplevsf, reiseliv




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune