Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Møte 7 program opplevingsnæringar


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 08.08.2007
 

Eit redusert programstyre diskuterte søknader og prinsipp for tildeling av tilskot. Medlemene i styringsgruppa hadde fått tilsendt alle søknadane i både fullversjon og kortversjon. Kortversjonen var supplert med tilleggsinformasjon frå søkjarane.

På møtet gjekk ein fyrst og fremst gjennom dei ulike kategoriane dei ulike søknadane høyrde heime i. Ein kom fram til fylgjande (tal søknader i kvar gruppe i ()):
 
1. Internett (4)
Ulike internettsatsingar, kulturinformasjon, tilrettelegging for sal osv. – Internett er eit virkemiddel for marknadsføring og sal, og må sjåast i samanheng med dei etablerte kanalane for opplevingsprodukt (Fjord Norge, Visit Norway, Fylkesarkivet,…).

2. Festivalar og arrangement (6)
Må ha fokus på opplevingsnæringane. Må ha ein større marknad enn lokalmarknaden. Langsiktig satsing.
3. Opplevingssenter basert på lokal kulturhistorie (5)
Det skal tydeleg gå fram at det gir verdiskaping til andre opplevingsbedrifter. Støtta skal stå i samsvar med effekten. Prioritere det unike ved opplevingssenteret, ha kommersielt potensiale/vurdere grad av attraktivitet, vere basert på lokal eigenart.
 
4. Marknadsaktivitetar, sal, booking, utstilling, pakking, turpass,… (11)
Vurdere om nokon av prosjekta/oppgåvene høyrer heime hos reiselivslag eller destinasjonsselskap, får i så fall ikkje finansiering av programmidlane. Prioritere prosjekt som legg vekt på pakking og sal, og produktutvikling.

5. Rådgjeving og produktutvikling (8)
Møteleiaren drog fram at programstyret tidlegare hadde trekt fram rådgjeving til bedrifter som eit mykje aktuelt tiltak. Under diskusjonen kom det fram at ein kan skilja mellom to typar rådgjevingstenester:
  1. Rådgjevingstenester som er  forankra nedanifrå, frå bedriftene. Slike søknader bør ha tilråding frå nokre av dei aktuelle  bedriftene.
  2. Regiondekkande rådgjevingstenester, som er forankra ovanfrå. Slike søknader bør ha tilråding frå det aktuelle regionale nivå.

6. Programstyring og FoU (1)
Det var eitt prosjekt som kunne representera eit forslag til metode for programstyring, og at programstyret kanskje burde sjå nærmare på dette prosjektet, då prosjektet hadde teke opp nokre problemstillingar som programstyret også hadde.

Grensegang mot VRI og forskingsmiljøet (VF, HISF). Ingen søknad i samband med FoU.

7. Skule og utdanning, studieturar for bedrifter (3)
Arrangørar av felles studieturar for opplevingsbedrifter til inn- og utland prioriterast. 
 
8. Turstiar – kart og merking (1)
Vedlikehald av skilting av naturkart er eit driftsansvar hjå destinasjonsselskapa. Utvikling/innføring av ny skilting, tilrettelegging kan eventuelt støttast.
 

Resultat:

Deltakarane på møtet gjorde framlegg om fylgjande:

Innstillingsmøte 14.06.
Ei arbeidsgruppe med representantar frå Fylkesmannen, Innovasjon Norge, fylkeskommunen og politisk leiar skulle gå gjennom dei einskilde søknadane, og legge fram ei innstilling til styringsgruppa.

Møtet vart tidfesta til torsdag 14. juni kl. 11.00, Fylkesmannen sine lokale i Hafstadgården i Førde. Innstilling skulle sendast ut umiddelbart etter innstillingsmøte.
Tildelingsmøte 18.06.
Veke 25 – forslag om 18. juni kl. 13.00 – 15.00

Adresse og område med aktivitet:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Hafstadgården, Førde, Sogn og Fjordane

Arrangør:

Program Opplevingsnæringar 2005 - 2007.
Sogn og Fjordane

Oppstartsdato: 8. juni 2007 1000
Avslutningsdato 8. juni 2007 1400

Forankra til:
Opplevingsnæringar

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
opplevsf, reiseliv




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune