Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Programstyret diskuterer nye vekstar og andre satsingar


Publisert av Stein Harald Hjeltnes (Graminor), 24.02.2006
 

Programstyret for frukt og grønt hadde møte på Njøs 23. februar, og diskuterte vidare framdrift i arbeidet. Gule bringebær er eitt av bærslaga som kjem inn som nyskaping i sortimentet frå 2006.

Programstyret ynskjer å informera om aktiviteten sin for ålmenta, og sekretariatet utarbeider forslag til presentasjon saman med leiar og repr. frå fylkeskommunen.
 
Den fullstendige oversikta over vareverdien frå fylket viser at me nådde 59 mill. kr. i 2005, og nær 50% var bringebær.
 
Dei største prosjekta som er igang no, er tunnelldyrking av bær i Vik/Vangsnes og plommeprosjekt i Sognefrukt med deltaking frå Hardanger og Innvik. Elles er det mange bedrifter som har støtte frå Skattefunn og har bedriftsinterne satsingar. UTTS-prosjektet vart også nemnt, som finansierer programstyret sin aktivitet i 9 mnd.
 
På møtet vart også drøfta framtidsutsiktene for Njøs og korleis programstyret vil støtta institusjonen gjennom aktiv bruk i regional utvikling og innspel til sentrale aktørar for å visa betydningen av institusjonen også på nasjonalt plan.
 
Nye vekstar vil bli oppretta som delprogram under frukt og grønt-satsinga. Styringsgruppa i eit prosjekt på dette hadde møte før programstyret, og programstyret vil ta denne satsinga vidare.

Resultat:

Forslag om dyrking av nye vekstar ved 3 mottak

Adresse og område med aktivitet:

Sogn og Nordfjord

Arrangør:

Bioforsk Njøs

Oppstartsdato: 23. februar 2006 12
Avslutningsdato 23. februar 2006 16

Forankra til:
Frukt- og grøntprogrammet Sogn og Fjordane

Internasjonal status:
Finansiering

Kode og nøkkelord:




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune