Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Programstyret for frukt og grønt legg strategiar for vidare arbeid


Publisert av Stein Harald Hjeltnes (Graminor), 19.12.2005
 

Programstyret hadde sitt andre møte på Njøs 15. desember, og ser at dette forumet kan bli til stor nytte for utvikling av næringa i åra som kjem. Mange kulturar syner fin utvikling, men det trengst aktivt arbeid på alle sektorar.

I det andre møtet var programstyret fulltallig, med alle faste medlemer til stades. Oversende statistikkar frå Gartnerhallen/ Bama viser svært fin utvikling innan sektoren i fylket, der særleg friske bær og moreller ligg over prognosane. I møtet vart bærsituasjonen drøfta inngåande, og det er gitt klare signal til forhandlingsutvalget for raude bær om kva mandat dei har i prisforhandlingar med konservesindustrien. Fylket vil også gje innspel til revidering av konservesforskrifta, som er avgjerande for konservesproduksjonen av bær i fylket.
 
Mottaka i fylket stod for 90% av konsumbringebæra som vart levert til Bama i år, totalt nær 160 tonn. Ein tek sikte på å levera 250 tonn i 2006, og marknaden for dette produktet er nær umetteleg! Berre 10% av Bama sine butikkar fekk friske bringebær i 2005, og så lenge me klarar å levera eit slikt flott produkt som i år, er det lyse framtidsutsikter.

Lærdal grønt arbeider med eit forprosjekt for eksport av bringebær, der også andre mottak i Sogn er involverte i referansegruppe. Dette for å byggja vidare på etablerte logistikkløysingar innan moreller for å få inn også andre typar produkt.

Programstyret sin aktivitet i 2006 vil bli integrert i Enable-prosjektet "UTTS", som er eit interreg IIIC-prosjekt der ein skal sjå på teknologioverføring mellom forsking og SMB, og mellom SMB. Planteforsk Njøs er med i dette prosjektet som skal gå i 2006.
 

Resultat:

Adresse og område med aktivitet:

Arrangør:

Oppstartsdato: 15. desember 2005 10
Avslutningsdato 15. desember 2005 14

Forankra til:
Frukt- og grøntprogrammet Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune