Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Oppstart i program frukt- og grønt Sogn og Fjordane


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 12.11.2005
 

Program for frukt- og grønt er no offisielt starta opp, som eit langsiktig program. Dette var tilrådinga frå det 4-årige prosjektet "Auka verdiskaping i frukt- og grøntnæringa i Sogn og Fjordane", eller det såkalla "BAMA-prosjektet".

Med dette vonar både det offentlege, næringa og FoU institusjonen Planteforsk Njøs, at ein har fått på plass ein effektiv, robust og dynamisk organisasjon for utvikling av frukt- og grøntnæringa i Sogn og Fjordane.

Målet for programmet er auka verdiskaping i frukt- og grøntnæringa i Sogn og Fjordane. For å nå målsetjingane vil programgruppa etablera strategiar og tiltak ved dynamisk planlegging, forløpande etter behov.

På det fyrste møtet møtte Rikard Lysne (Lærdal Grønt), Arvid Tveit (Luster Grønt), Svein Kvamme (Innvik Fruktlager), Knut Jarle Hamre (Sognefrukt), Stein Harald Hjeltnes (Planteforsk Njøs) som sekretær, Torbjørn Takle (Fylkesmannen Sogn og Fjordane) som leiar og Arne Monrad Johnse (Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Resultat:
Prosjektleiaren vil arbeida vidare med statistikk frå fruktlagera, strategiar etc, før neste møte i programgruppa i desember 2005.

Adresse og område med aktivitet:
Planteforsk Njøs
6863 Leikanger
Norge - Norway

Arrangør:

Programmet, ved Stein Harald Hjeltnes
Planteforsk Njøs

Oppstartsdato: 11. november 2005 1330
Avslutningsdato 11. november 2005 1600

Forankra til:
Frukt- og grøntprogrammet Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune