Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Næringsforum 12. september på Skei


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 13.09.2019
 

Siste næringsforum for Sogn og Fjordane vart arrangert på Skei. Hovudtema var å identifisere kva aktivitet vi må vidareføre inn i det nye fylket og korleis sikre godt samarbeid med kommunane framover. Rolf Sanne Gundersen frå Sunnfjord Utvikling utfordra oss på det siste temaet.

Desse møtte:
Bekka Skaasheim, Bente Nesse, Bjørg Kristin Selvik, Christian Rekkedal, Endre Høgalmen (fram til lunsj), Rune Fromreide, Nils P Støyva, Vidar Ulriksen, Jan Heggheim (møteleiar) og Lars Hustveit (sekretær).

Dagsorden:

  1. Velkomst og intro v/ Jan Heggheim
    Vi fasar ut Næringsforum Sogn og Fjordane og skal vidareføre arbeidet i en ny partnarskapsarena
  2. Korleis arbeider den regionale partnarskapen vidare saman
    med kommunane i Vestland. v/Rolf Sanne Gundersen, Sunnfjord Utvikling
  3. Kva innsats er viktig å vidareføre i Vestland?
  4. Om samarbeidet med lokale innovasjonsnettverk i
    Sogn og Fjordane (P-IRIS / Katapultprogrammet / Klyngeprogrammet) v/ Lars Hustveit
  5. Gjennomgang av verkemiddelapparatet v/ Jan Heggheim

Resultat:
Viktige moment frå diskusjonen:

Økt 1
- Dette er siste møtet i forumet i Sogn og Fjordane.  Neste møtet (4/10) vil vere for det nye forumet.  Lista over framtidige medlemmer vart gjennomgått.  Ingen merknader.
- Skal Næringsforum Vestland bli eit forum eller eit utval?
Mellom anna; skal nye næringsforum dele ut pengar? Avklar dette. 
- Ta med vidare forståinga av skilnaden mellom eit urbant og eit ruralt innovasjonssystem.  Offentleg sektor er relativt viktigare i det rurale innovasjonssystemet enn i det urbane.

Økt 2
- Rolf Sanne Gundersen understreka sterkt kor viktig det var å ha eit lokalt næringsapparat og at dette apparatet har midlar for å setje i gang initiativ.
- Medlemmene i NF-S&Fj merka seg dette tydelege signalet og innser verdien både av det lokale apparatet og at det lokale apparatet har midlar
- Ei løysing kan vere å utfordre kommunane til å legge eigne midlar inn i kommunalt næringsfond. 

Økt 3 og 4
- Vi viser til vedlagt presentasjon
- Verdiskapingsplanen er formelt gjeldande til den vert oppheva
- Lista vi gjekk gjennom er det partnerskapen ber om vert teke med vidare i Vestland fylke fram til at nye planar ligg føre
- Spesielt drøfta: Campusutvikling, Arbeidet vårt med fagopplæring og livslang læring, vidare utvikling av reisemålsselskapa
- Ver merksam på høyringa NOU 2019:12 "Lærekraftig utvikling. Livslang læring for omstilling og konkurranseevne" 
- Gjennomgangen av innovasjonsnettverk i Sogn og Fjordane vart teken til vitande. Det vidare arbeidet er koordinert med Hordaland

Økt 5
-Viser til presentasjon

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 12. september 2019 10:00
Avslutningsdato 12. september 2019 14:15

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

190912 Næringsforum Jan Heggheim.pdf
190912 Verkemiddelgjennomgangen.pdf
190912_NF_klynger.pdf
190912_Presentasjon Sunnfjord.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune