Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Næringsforum - sammøte med HNK 23. oktober 2018


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 01.11.2018
 

Den 23. oktober deltok næringsforum på møte saman med hovudutval for plan og næring.
I tillegg til felles orientering, var føremålet å få på bordet politiske problemstillingar som er viktige for gjennomføring av verdiskapingsplanen.

Desse møtte:
Vidar Ulriksen, Nils P Støyva, Frode Henden, Kristine Kopperud Timberlid, Tom Knudsen, Jan Heggheim, Endre Høgalmen og Lars Hustveit
Lars Hustveit leia ei økt før sammøtet med hovudutvalet
Jan Heggheim leia sammøtet med hovudutvalet

Møtestad: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førde

Program:

Kl 11.00     Fagskulen i Sogn og Fjordane. Vår rolle i arbeidet med nyskaping og omstilling v/ rektor Reidar Grønli

Kl 11.45     Lunsj

SAMMØTE MED HOVUDUTVAL FOR NÆRING OG KULTUR

Kl 12.30     Informasjon frå Innovasjon Norge - Nina
Broch Mathisen - direktør i Innovasjon Norge Vestland

Kl 13.00     Temadel om hydrogen - Elisabet Kjerstad Bøe og Trond Strømgren

Kl 14.00     Verdiskapingsplanen.  Politiske problemstillingar

Kl 16:00    Slutt

Resultat:
Reidar Grønli orienterte om Fagskulen sitt engasjement i lokale innovasjonsmiljø og brukte Fjordane Virtuelle Senter på Eid og Teknologicampus i Førde som døme. Tilbakemeldinga frå medlemmene i Næringsforum: Dette er svært bra og i line med felles ambisjonar i verdiskapingsplanen.  Presentasjon ligg ved.

Nina Broch Mathisen orienterte om Innovasjon Norge Vestland.  Presentasjonen ligg ved.

Trond Strømgren og Elisabet Kjerstad Bøe orienterte om hydrogenprosjektet som no vert avslutta og om planar for vidareføring.  Dei to presentasjonane ligg ved.  Tilbakemelding både frå næringsforum-medlemmer og frå HNK-medlemmer: Oppfølging av arbeidet er viktig.

Politiske problemstillingar presenterte av medlemmer i næringsforum for hovudutvalet:

NKA:

  • betydninga av regionale utviklingsmidlar
  • betydninga av at innovative miljø i Sogn og Fjordane kan ha nytte av det nasjonale klyngeprogrammet og katapultprogrammet
LO:
  • kompetanseheving - 4 ekstra klassar i yrkesfag / etterutdanning / internasjonal kompetanse
  • nettverksbygging - føl opp nettverks- og klyngeinitiativ!
Tilbakemelding: NHO og LO må få bedrifter til "å selje seg til elevane"

NHO (skriftleg innspel ligg ved):
  • Bruk offentlege innkjøp som innovasjonsverktøy
  • Styrking av fagopplæringa.  Understreka bedriftene sitt ansvar
  • Olje-gass: Treng fagfolk i lang tid framover
  • Havrommet: Nye forretningsområde her må prioriterast
  • Inkludering av tilgjengeleg arbeidskraft
Fiskeridirektoratet:
  • Kommunale arealplanar er viktige.  Kommunane treng hjelp frå fylkesnivået
Innovasjon Norge:
  • Vi må kople oss på grynder- og klyngesatsinga i Bergen
  • Innovasjonsnettverka må få drahjelp
  • Digitalisering - kompetansetilførsel er naudsynt
  • IT-studiet trekt fram som viktig.  Må vere attraktivt nok til å trekke studentar til fylket slik at vi ikkje får eit nullsummspel der studietilboda konkurrerer om for få elevar
NAV:
  • Bruk "Gloppenmodellen" innan helsefag som eit godt døme på korlleis NAV kan medverke til kompetanseutvikling
  • I nye Vestland fylke vil NAV ha 5gg så store ressursar

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 23. oktober 2018 11:00
Avslutningsdato 23. oktober 2018 15:40

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

181023 FK-politiske problemstillingar.pdf
181023 IN Broch M HNK og Næringsforum.pdf
181023 Klyngesøknad hydrogen - MFSF.pdf
181023 Teknolab Campus Førde.pdf
181023 Virtuell Campus Eid elektro automasjon.pdf
181023_HNK_hydrogen EKB.pdf
181023_NHO_Politiske problemstillinger Verdiskapingsplanen.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune