Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Næringsforum 5. september 2018 i Førde


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 10.09.2018
 

Næringsforum hadde samarbeid med SIVA, Noregs Forskingsråd og Innovasjon Norge som spesialtema. Det vart underskriven ein partnarskapsavtale mellom dei tre og fylkeskommunen. Avtalen fokuserer på kunnskapsintensiv tenesteytande næringar, infrastruktur for test og demonstrasjon og klyngesamarbeid. Tema er svært sentrale for næringsforum sitt arbeid.
Næringsforum er styringsgruppe for satsinga reiseliv. På møtet vart opptakten til ei satsing på mat og reiseliv drøfta

Deltakarar på møtet
Medlemmer:
Jan Heggheim, SFFK – Nærings- og kulturavdelinga (møteleiar)
Kristine Kopperud Timberlid, IN – S&Fj
Bente Nesse, KS
Bjørg Kristin Selvik, HVL
Endre Høgalmen, SFFK – Nærings- og kulturavdelinga
Frode Henden, NAV
Nils P Støyva, LO (deltok mellom kl 10 - 11)
Tom Knudsen, NHO – Vestlandet
Bjørn Harald Haugsvær, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - Landbruksavdelinga

Nye faste medlemmer frå no av:
Bekka Skaasheim, SFFK – Opplæringsavdelinga  (melde avbod)
Vidar Ulriksen, Fiskeridirektoratet Region Vest

Sekretær:
Lars Hustveit, SFFK – Nærings- og kulturavdelinga

Inviterte til dette møtet:
Ingeborg Lysne Mcevoy, SFFK – reiseliv (deltok etter lunsj)
Anne Silje Sylvarnes, SFFK – reiseliv (deltok etter lunsj)
Erik Kyrkjebø, HVL – prosjekt Teknoløft (deltok etter lunsj)
Mette Rønning, SIVA (for fylkesansvarleg  Oddrun Englund)
Philip Lorentzen, NFR
Dag Lothe, NFR – S&Fj

Dagsorden:

1.      
Velkomst m/ nytt om regionreforma v/ Jan Heggheim

2.      
Verdiskapingsplanen – vedtak i fylkestinget 12-13/6. Gjennomgang av hovudpunkt v/ Jan Heggheim

3.      
Partnarskapsavtalar

a.       HVL (Teknoløft) og NAV/Opplæringsavdelinga (arbeidskraftbehov og utdanningsstrategiar) v/ Jan Heggheim
b.      Avtale fylkeskommune – SIVA – IN – NFR. Korleis gjer vi avtalen relevant for partnarskapen Næringsforum? 
Kort innleiing v/ Lars Hustveit

4.      
Klyngeprogrammet og kopling til verdiskapingsplanen v/ Lars Hustveit
a.       Oversikt over initiativ i fylket
b.      Partnarskapsavtalar

5.      
Teknoløft v/ Erik Kyrkjebø

6.      
Reiseliv v/ Jan Heggheim
Nytt program på mat og reiseliv. Korleis vil FMLA utvikle ei programsatsing?  v/ Bjørn Harald Haugsvær

7.      
oppsummering / Neste møte om politiske
problemstillingar saman med Hovudutval for næring og kultur
a.      Kort vurdering av førre møtet
b.      Kva er problemstillingar vi bør løfte 23/10 ?

Resultat:
Jan opna møtet med å ønskje Vidar Ulriksen velkommen som ny fast medlem i forumet og representantane frå Noregs Forskingsråd og SIVA som er tenkt skal møte i forumet ein gang årleg.

Lysarka nytta av Jan Heggheim innleiingsvis ligg ved. Fylkestinget vedtok i juni ei rullering av verdiskapingsplanen. Jan understreka næringsforum som rådgjevande for fylkesrådmannen i denne plansaka.  Næringsforum sine synspunkt er reflekterte i rullert plan.  Det vil bli laga ein kortversjon der eksisterande plan av 2014 og justeringane frå handsaminga i fylkestinget i juni 2018 er sett saman. 

Heggheim viste vidare til at arbeidet med verdiskaping i Sogn og Fjordane handlar om meir enn verdiskapingsplanen, m.a.:
–Strategi for senterstruktur og tettstadutvikling
–Regional transportplan
–Strategisk plan for kysten
–Kulturplanen
–Klimaomstilling

Rolla til næringsforum er litt endra:

  • Prioriterer kunnskap og nyskaping
  • Er styringsgruppe for reiselivssatsinga
  • Problemstillingar frå det bransjeretta arbeidet vert løfta opp i næringsforum etter behov
  • Koordinering ein gang i året med:
- Hovudutvalet
- SIVA og NFR

Vi drøfta om Næringsforum i Sogn og Fjordane burde møte tilsvarande forum i Hordaland.  Konklusjon: vi må sjå an når tidspunktet er det rette. Semje om at det ikkje er ei straksoppgåve.

Lars Hustveit presenterte samarbeidsavtalen med SIVA, NFR og IN; der det er ambisjonar om at deler vert samordna med Hordaland.  Avtalen som gjeld Sogn og Fjordane ligg ved.  Vi drøfta spesielt katapult- og klyngeambisjonane i avtalen.  Innsats her er i tråd med rullert verdiskapingsplan om å prioritere lokale utviklingsmiljø i fylket.  Lars føl opp med eit møte med Innovasjon Norge v/ klyngeprogrammet for å drøfte mogeleg samarbeid på kompetansesida.  Ferdigheiter i leiing av innovasjonsnettverk skal uansett setjast på dagsorden i fase 2 av Interreg Europe prosjektet P-IRIS frå 2019 (2 lysarkpresentasjonar ligg ved). 
Konklusjon: avtalen tek utgangspunkt i formulerte ambisjonar i verdiskapingsplanen - ikkje i verkemiddel. Det er mange verkemiddel som er relevante for å stimulere dei såkalla KIFT-næringane og for å få til fasilitetar for test/demonstrasjon og for å stimulere innovasjonsnettverk. SIVA har t.d. avtale med næringshagane om å ta i bruk verkemidlet katapult. NFR peika på senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) som relevant for fylket.

Det vart kort gjennomgått status vedkommande partnarskapsavtalar for oppfølging av verdiskapingsplanen.  Avtalen vi drøfta i næringsforum 5/9 er den første som er på plass. Semje om: Inkluder også ein avtale med SITEP-Årdal

Erik Kyrkjebø presenterte Teknoløft.  Planen er 3 pHd på robotikk i Førde og 1 pHd på stordata ved Vestlandsforsking.  Detaljane vert konkluderte våren 2019.  Forskinga skal både vere relevant for eit utval viktige bedrifter og for å bygge kapasitet som forskings- og undervisningsinstitusjon.  Det er også viktig å få til studentoppgåver som del av Teknoløft.  Konklusjon: Teknoløft er sentralt som tiltak for å iverksetje verdiskapingsplanen.

Jan Heggheim innleia om reiselivssatsinga.  Han understreka betydninga reiseliv har for mange bransjar.  Eit kart syner at nokre kommunar er vekstkommunar, medan andre får mindre ut av reiselivsarbeidet. 
Ei matsatsing kan vere med å spreie vekstimpulsar.  Bjørn Harald Haugsvær orienterte om framdrift i arbeidet med å lansere eit mat&reiselivsprogram.  Arbeidet med å utforme ei satsing kjem i gang over nyttår.

Neste møte den 23. oktober skal vere eit sammøte med hovudutval for næring og kultur.  Semje om:
  • å løfte fram 1-2 tema
  • å ta ein kort runde frå alle NF-medlemmene om kva dei ser på som særleg viktig
  • tid nok slik at politikarane får respondere
Det vart ikkje konkludert på "prioriterte tema", men kandidatar vart nemnde:
  • Samferdsle og infrastruktur
  • Kompetanse / Kva kompetanse ønskjer bedriftene
  • Ungdom og rekruttering
  • Arenabygging - klynge og nettverk
  • Framtidig innovasjonsinfrastruktur

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 5. september 2018 10:00
Avslutningsdato 5. september 2018 14:30

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

180905_ Jan Heggheim_ Næringsforum.pdf
180905_AVTALE.pdf
180905_innovasjonsnettverk_klynger.pdf
180905_NFR-SIVA-IN-SFFK_Underskriven avtale vedlegg 2 Sogn og Fjordane.pdf
180905_Teknoloft_Erik K.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune