Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Næringsforum på Skei 5. april 2018


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 06.04.2018
 

Næringsforum drøfta verdiskapingsplanen med vekt på saka som skal leggast fram for Fylkestinget i juni og elles om næringsforum sitt arbeid

Dagsorden:

  1. Innleiing ved Jan Heggheim
  2. Gjennomgang av framlegg til endringar i verdiskapingsplanen ved Lars Hustveit
  3. Partnarskapsarbeidet ved Jan Heggheim

Desse møtte:
Kristin Kopperud Timberlid, Jan Heggheim, Tom Knudsen, Frode Henden, Bente Nesse, Christian Rekkedal, Lars Hustveit

Bakgrunnsmateriale som var sendt ut før påske:
Uferdig saksdokument - versjon 21/3 2018.

Resultat:
Innleiingane er dokumenterte gjennom vedlagde presentasjonar.
I vedlegger om gjennomgang av verdiskapingsplanen, finn vi også medlemmene sine synspunkt knytt til kva vi spesielt vil synleggjere som oppnådde resultat gjennom arbeidet så langt.

Ønskje om presiseringar og tillegg:

  • Brukar vi omgrepet attraktive arbeidsplassar, så må attraktiv forklarast
  • I eit avsnitt om smart spesialisering må vi presisere dei private aktørane si rolle (nedanfrå og opp perspektivet)
  • Presiser "lokalt fokus" - demp inntrykk av "innovervendt" Få fram at dette serleg handlar om 2018 og 2019.
  • Eit avsnitt om mål og måling (ref diskusjon i FU 4/4-18) Evnar vi å prioritere arbeidet med interessante arbeidsplassar for godt utdanna og kreative og godt nok?
  • Ta inn eit avsnitt om industristrategien (i Kunnskap og nyskaping)
  • Ta inn eit avsnitt om internasjonalisering
Vi gjekk gjennom smart spesialisering som metode med vekt på dei tre stikkorda:
  • beslekta mangfold
  • entreprenøriell oppdaging
  • spesialisering
Ein var samde om at smart spesialisering (S3) tilfører planarbeidet nyttige impulsar og at S3 sannsynlegvis vert eit felles "språk" (metode) som vi bør legge til grunn også i Sogn og Fjordane.  Det vart presisert at reindyrka bransjenøytralitet ikkje er smart spesialisering.  Det lokale utgangspunktet må vere tydeleg.
 

Enkeltsatsingane:

Fornybar energi:
Arbeide med dei tiltaka som er sette opp
Tilslutting til at det vert utforma partnarskapsavtale med forum for grøn energi

 
Sjømatnæringane:
Ikkje kommentarar

 
Reiseliv:
Tekst blir endra, her er fleire resultat.
FMLA vert oppmoda spesielt om å sjå til at berekraft vert integrert i reiselivsarbeidet
Det vert i saka varsla utviklingsarbeid innan mat og reiseliv
Næringsforum er styringsgruppe for satsinga reiseliv.

 
Olje og gass:
Ikkje kommentarar.

 
Landbruk:
Ikkje kommentarar.

 
Oljesektoren:
"Crossovers" vektlagt som rolle for maritim forening - Sjå teksten om Kunnskap og Nyskaping

 

Kunnskap og nyskaping:
Fire hovudoverskrifter som føreslått. Nokre arbeidsoppgåver må berre gå sin gang.
Tilslutting til at det vert utforma partnarskapsavtale med maritim forening.
Den delen av "regionale kompetansestrategiar" som vedkjem partnarskapsarbeidet, skal vere integrert i verdiskapingsplanen.
 

Partnarskapsarbeidet
Få fram rollene; det offentlege, bedifter og organisasjonar. Få fram kva som er VÅR leveranse
Lista over partnarskapsavtalar (A= hovudansvar) vart gjennomgått og vert arbeidd vidare med.
Fiskeridirektoratet vert invitert inn som fast medlem
SIVA og NFR vert invitert inn til årlege møte

Neste møte vert lagt til Forde 5/9

 


 

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 5. april 2018 10:00
Avslutningsdato 5. april 2018 14:10

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

180404 Næringsforum 180405.pdf
180405_RPV.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune