Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte FoU-workshop i Florø for aktørar i havbruksnæringa


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 15.09.2017
 

Etter oppmoding frå ulike aktørar innan havbruksnæringa har Aksello og Maritim Foreining Sogn og Fjordane
teke initiativ til prosjektet «FOU innan havbruk». Prosjektet inviterte til open workshop 6. september. VRI4 var til stades med kompetansemeklar og prosjektleiar.

Program for Workshop:

09.30 Registrering og noko å bite i
10.00 Opning, presentasjon av prosjektet
10.15 Presentasjon av resultat frå spørjeundersøkinga
10.30 Innlegg frå Arne Fredheim, Sintef Ocean
Korleis arbeider Sintef med forsking og utvikling, og kva kan Sintef tilby?
11.00 Gruppearbeid
12.00 Oppsummering Gruppearbeid
12.15 Lunsj
13.00 Innlegg frå Øyvind Østrem, HPV
Status for havbruksutdanning ved Høgskulen på Vestlandet
13.10 Korleis arbeider hhv Val FOU og LetSea med Forsking og utvikling. Kan noko liknande etablerast i vår region?
13.20 Innlegg frå Elisabeth Aune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Korleis søkje om FOU konsesjonar?
13.30 Gruppearbeid
14.30 Oppsummering gruppearbeid
Diskusjon i plenum
15.30 Avslutning



Resultat:


Workshopen var ein flott møteplass for næringa og verkemiddelapparatet. Det var gode tema som vart presenterte, og det var gruppearbeid i to bolkar. Det var ein god workshop, sett med VRI4 augo.

Å samle næringa til å diskutera FoU er alltid positivt. Det har vist seg at ein får fleire deltakarar med på slike møte når lokale arrangørar står bak. VRI4 sin strategi er å arbeide saman med dei kommunale og interkommunale vekstselskapa, som denne workshopen var eit døme på.

VRI4 sine utsende fekk 10 minutt til disposisjon på slutten. Prosjektleiar Arne Monrad Johnsen fortalde litt om mål og meining med VRI4, og kva verkemiddel prosjektet har. Deretter avslutta kompetansemeklar Paul Jacob Helgesen med å fortelja om hans rolle, interesser og tilbod i høve sjømat og havbruk. Paul Jacob hadde også eit VRI4 flygeblad til utdeling.

Det var kring 30 deltakarar på workshopen

Adresse og område med aktivitet:
Quality Hotel Florø

Arrangør:

Oppstartsdato: 6. september 2017 0930
Avslutningsdato 6. september 2017 1530

Forankra til:
VRI4 Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vri4 marint blå mat




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune