Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Møte om: Statusgjennomgang av verdiskapingsplanen


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 30.08.2017
 

I 2018 skal fylkespolitikarane gjennomgå kva vi har oppnådd gjennom arbeidet med verdiskapingsplanen. Oppdraget er gitt i brev av 29/6 2017 (vedlagt). På møtet 29/8 på Fylkeshuset gjekk vi gjennom oppdraget.

Tema for møtet går fram av agendaen:

  1. Innleiing ved Jan Heggheim
  2. Kva har vi oppnådd
  3. Viktige justeringar
  4. Betre partnarskapsavtalar
Dokument som var sende ut på førehand (ligg ved):
  • Oppdraget
  • Utfyllande agenda
  • Ein ide for å betre koplinga mellom bransjesatsingar og "på tvers" arbeid
Lysark brukte i møtet_
  • Innleiing v/ Jan Heggheim
  • Innleiing om målformulering / indikatorar for resultatvurdering v/ Lars Hustveit
  • Vurderingar så langt frå operativt ansvarlege om viktige problemstillingar som vedkjem statusgjennomgangen
  • Tenester frå VRI4 v/ Arne Monrad Johnsen

Resultat:
Føremålet med møtet var å setje i gang arbeidet og å få fram kva problemstillingar som er viktig for vidare arbeid.  

Jan Heggheim la vekt på følgjande:

  • Søk samarbeid
  • Korriger det som ikkje gir ønska resultat
  • Prioriter det vi faktisk kan gjere noko med
  • Pass på at utviklingsarbeidet er moro
Det vart understreka at koordinatorane må ta initiativ som sikrar forpliktande medverknad enno betre enn i dag og at røynsla med å bygge partnarskap krev tid (ikkje eigna som "i siste liten" aktivitet).

Vi var spesielt inne på privat kapital som del av ei satsing. Fellestiltak i reiselivet vart nemnt med tilvising m.a. til Hana-modellen.  Dei operativt ansvarlege vart oppmoda til å identifisere kva type aktivitet det kan gå an å få næringslivet med på. Større prosjekt og finansiering av innovasjonsnettverk er truleg mer realistisk enn breie program og satsingar.

Ideen for å sikre betre koplinga mellom bransjesatsingar og "på tvers" arbeid vil bli gjennomført.  Oppfølgingsansvar: Lars Hustveit.

Det er ikkje lagt opp til møteaktivitet for gruppa av operativt ansvarlege før leveransen 31/12 2017.  Koordinatorane for satsingane deltek i prosjektet "gode mål" og denne arenaen kan nyttast undervegs.

Fylkeskommunen vart oppmoda om å klarlegge statusen for ulike plandokument i 2018:

Klargjering (drøfta etter møtet):
  1. Eksisterande verdiskapingsplan er grunnlag for arbeidet med årsplan for 2018. Årsplanen skal sikre dynamikk.  Dersom det kjem opp idear i status- og justeringsarbeidet hausten 2017 som de ønskjer å inkludere alt i årsplanen for 2018, så ta dette opp for avklaring. Mindre justeringar er normalt. Større endringar, bør drøftast
  2. Årsplanen for 2019 vert basert på verdiskapingsplanen justert for politiske vedtak i juni 2018 
  3. Leveransen som er tinga til 31/12 2017 handlar om tekst til ein 4-årig handlingsplan.  Dersom teksten medfører at også hovuddokumentet verdiskapingsplanen må justerast, så vil det bli avklara som del av det politiske vedtaket i juni 2018.

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Nærings- og kulturavdelinga

Oppstartsdato: 29. august 2017 10:00
Avslutningsdato 29. august 2017 14:00

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

170629_Tinging RPV.pdf
170816_dagsorden møte 29 august.pdf
170816_Verkstad - Verdiskapingsplanen på tvers.pdf
170828_innspel - verdiskapingsplan.pdf
170828_maal.pdf
170829_revidere verdiskapingsplanen.pptx
170829_VRI4 og verdiskapingsplanen.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune