Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte VRI4 planleggingsmøte for hausten 2017


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 18.08.2017
 

VRI4 skal ha planleggingsmøte 21. august. Kompetansemeklarane skal legge fram sine planar og behov, og det same med representantane for FoU-programma Horizon2020, Forskingsrådet og RFF Vestlandet. Målet er samordning og justering i høve verkemidlane i VRI4 og VRI4-planen. Møtet skal vera hjå Segel AS på Nordfjordeid


Frå møtet hjå Segel AS. Frå venstre Trond Haavik, Helge Hustveit, Stein Harald Hjeltnes, Zuzana Nordeng, Dag Lothe, Synnøve Elisabeth Aabrekk og Paul Jacob Helgesen. Karianne Kojen Andersen var med på Skype. Foto: Arne Monrad Johnsen

Møteplan:

1.Velkomen til møtet, ved AMJ

2. Deltakarane presenterer seg

3. Segel seier litt om Segel AS og Nordfjordeid

4. Status for VRI4, kort orientering ved AMJ

5. Planlegging av møteaktivitetar hausten 2017

a. Kompetansemeklarane legg fram sine planar og
behov, basert på deira søknader og status, slik dei ser situasjonen i dag:

i. Fornybar energi, Trond
ii. Landbruk, Stein Harald
iii. Reiseliv, Synnøve
iv. Sjømatnæringar, Paul

b.      Horizon 2020.

i. Zuzana vil seia litt om H2020 og EU-nett SFJ, om
korleis samordne aktiviteter i VRI4 og internasjonalisering/EU-nett SFJ. Ho vil gi en kort presentasjon om EU-nett SFJ, som grunnlag til diskusjon. Zuzana trur VRI4 kompetansemeklarane med sin kunnskap og sine nettverk kan spela ei viktig spille rolle for verdiskaping og internasjonalisering av fylket.

ii. Karianne om eventuelle planar og behov for møte
og aktivitetar i Sogn og Fjordane innanfor hennar arbeid med SMB i H2020

c. Forskingsrådet. Dag seier litt om planar og
behov for møte og aktivitetar i høve programma i Forskingsrådet.

d. Studentmobilitet.  Helge seier litt om planar og behov i høve
dette verkemiddelet.

e. RFF Vestlandet. Arne Monrad seier litt om planar
og behov for møte og aktivitetar i høve utlysingane til RFF Vestlandet.

f. VRI4. I VRI4-planen er lista opp fleire typar møte, som koordinering og samarbeid med verkemiddelaktørane og dei regionale utviklingsprogramma. Noko av dette kan også bli fanga opp i punkt a-e. Etter presentasjon av punkt a-e kan me derfor sjå på VRI4-planen, for å lage planar for det som
står att. Det gjeld spesielt aktivitet 6-9:

6. Informasjonsarbeidet i VRI4, presentasjon av opplegg og status. Diskusjon. AMJ

7. Bruk av RUP Norge i VRI4. Diskusjon og forslag. AMJ

8. Om rapportering i VRI4. AMJ

9. Om kritiske suksessfaktorar, status og diskusjon, sjå litt nede på denne sida: http://rup.no/vision/vision3.aspx?hierarchyid=1863&type=2

10. Ymse

Mat og drikke må leggast inn etter behov.

Resultat:
På møtet kom me gjennom dei fem fyrste sakene, med unnatak av sak 4. Sak 5 var hovudsaka, og den fekk "all" prioritet.

Etter at alle hadde lagt fram sine planar og behov for møte og aktivitetar for hausten 2017, saman med noko status, så var det ønske om å diskutera samordning og fellestiltak. Men, då var tida ute, og ein må følgje opp på andre måtar.

Alle vart derfor bedde om å sende inn sine presentasjonar til RUP-dokumentarkiv, saman med forslag til samordning til prosjektleiaren. 

Når det gjeld dei bransjevise eller tematiske miljøa, så har kompetansemeklarane gode opplegg, som dei vil fylgje. Dei har sjølve ansvar for å samarbeida, når det er kryssande moglegheiter tematisk.

Dei ansvarlege for fonda tenkjer mest på prosjektverkstader og informasjonsmøte. Det er kanskje for desse det er mest egna å tenkje samordning, at ein kan retta seg inn mote fleire FoU-fond på same møte. Samarbeid med dei kommunale og interkommunale vekstselskapa har fungert godt til slike møte.

VRI4 si kopling mot verdiskapingsplanen er viktig. Det er planlagt å få møta koordinatorane den 29. august, for å legge fram VRI4 sine interesser og tilbod til desse. Det gjeld fyrst og fremst om å få til bransjevise møteplassar.

På desse fellesmøta er det mogleg å rette seg inn mot både privat og offentleg sektor.

Prosjektleiaren vil laga forslag til eit program for slike fellesmøte. På møta trur han det vil bli viktig å starta med å snakka om utvikling, og dei "fem fundamenta" for å drive med innovasjon, før ein går snakkar om FoU si rolle i utviklingsarbeidet, dei ulike fonda, rådgjeving og prosjektverkstader etc.

Adresse og område med aktivitet:
Segel AS
Nordfjordeid
Sogn og Fjordane

Arrangør:
VRI4 Sogn og Fjordane

Oppstartsdato: 21. august 2017 1015
Avslutningsdato 21. august 2017 1445

Forankra til:
VRI4 Sogn og Fjordane

Internasjonal status:
Finansiering, Målgrupper

Kode og nøkkelord:
vri4 vri42017 vri4stor vri42017stor

Dokument til nedlasting:

2017-08-21 agenda VRI4 Nordfjordeid.docx


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune