Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Møte mellom VRI4 og Forskingsrådet


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 30.06.2017
 

Forskingsrådet ved fylkeskontakt Philip Lorentzen kom til Sogndal den 12. juni for å bli kjent med VRI4-prosjektet i Sogn og Fjordane. Til møtet var arbeidsgruppa og høgskulen sin kontakt i høve mobilitet invitert.

I Sogn og Fjordane har me vore innovative under utvikling av VRI4-prosjektet, som er eit prosjekt finansiert under Forskingsrådet sitt program FORREGION. Målet med programmet er mobilisering til forsking (FoU).

Mellom annan har me utvikla metodar og verkty som gjer at me ser problem, løysingar og moglegheiter, som kanskje ikkje andre ser, med sine metodar. Spesielt gjeld dette vår trinnvise modell for innovasjon, som gjer at me kan vera svært presis i høve aktivitetar, statsstøtte og rådgjeving. 

Me hadde derfor sett fram til dette møtet med Philip. Me gjekk gjennom planen vår, vår trinnvise modell og RUP-Norge. Dei ulike prosjektarbeidarne fekk presentert seg.

Tilbakemeldingane frå Philip var berre positive, og han sa "GI GASS"! Ta initiativ sa Philip, og det var god støtte til me har gjort. Det passar oss godt.

Philip orienterte om Forskingsrådet sine interesser, og komande aktivitetar, som t.d. ei fylgjeevaluering av FORREGION, pilar 1, mobilisering.


Deltakarar på møtet var:

  • Philip Lorentzen, Forskingsrådet
  • Dag Lothe, Forskeingsrådet regionansvarleg
  • Helge Hustveit, Høgskulen på Vestlandet
  • Zuzana Nordeng, Vestlandsforsking
  • Arne Monrad Johnsen, prosjektleiar VRI4, SF fylkeskommune


Resultat:
Ingen spesielle, utover å GI GASS!

Adresse og område med aktivitet:
Vestlandsforsking
Sogndal

Arrangør:
VRI4 Sogn og Fjordane saman med Forskingsrådet, FORREGION

Oppstartsdato: 12. juni 2017 1000
Avslutningsdato 12. juni 2017 1600

Forankra til:
VRI4 Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vri4 vri42017 vri4ag vri42017ag forregion




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune