Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Kick-off for kompetansemeklarane


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 30.06.2017
 

I samband med Forskingsrådet sitt seminar for nye og gamle kompetansemeklarar den 13. juni hjå Forskingsrådet, møttest dei nye kompetansemeklarane for fyrste gong. Det var møte både før og etter seminaret, for å bli kjende med kvarandre og VRI4.

Kompetansemeklar Trond Haavik tok iniativ til dette møtet.

Agenda

0900-1030
Vi blir betre kjent med kvarandre
Drøftar litt om forventningar og tek opp spørsmål vi måtte lure på (kan vere grei input til sjølve arrangementet.

1530-1700
Oppstartsmøte for kompetansemeklinga i SF – Arne
Formalitetar
Forventningar til meklarane – og korleis FK og FR vil engasjere seg i arbeidet
Felles arrangement for å synleggjere tilbodet
Andre «innsalsaktivitetar»
Evt


Deltakarar:

Trond Haavik, Segel
Paul Jacob Helgesen, Segel
Synnøve Elisabeth Aabrekk, 2469 Reiselivsutvikling AS
Stein Harald Hjeltnes, Njøs Næringsutvikling
+
Arne Monrad Johnsen, SF fylkeskommune, VRI4 prosjektleiar

Resultat:
Det var to gode møte hjå Forskingsrådet. På det fyrste møtet gjekk praten om laust og fast for å bli kjende. På det siste møtet var me meir konkrete, og skreiv ned fylgjande oppfølgingspunkt:

1. Kompetansemeklarane kan også vera innovasjonsprosessleiarar under verkemiddel 2, FoU-startpakken, om dei bli spurde om det. Me trur at det vil gi god praksis, og kunne styrka rolla som kompetansemeklararar.

2. Kven kan ein tilrå som innovasjonsprosessleiarar til bedriftene, verkemiddel 2, FoU-startpakken? Trong for ei liste over aktuelle personar i fylket, og informera om dette til alle i fylket.

3. Informasjon om kompetansemeklarane på nettet, saman med bilde og litt tekst om kvar (Dette er kome bra på plass i RUP-Norge, og marknadsført på FB og på nettsida til FK).

4. VRI4 stormøte. Møte med både arbeidsgruppa og kompetansemeklarane til stades, for å diskutera samordning og felles aktivitetar for hausten 2017. (Dette møtet er no planlagd til den 21. august på Nordfjordeid). 

Adresse og område med aktivitet:
Forskingsrådet sin lokale
Lysaker, Oslo

Arrangør:
VRI4 Sogn og Fjordane

Oppstartsdato: 13. juni 2017 0900
Avslutningsdato 13. juni 2017 1700

Forankra til:
VRI4 Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vri4 vri42017 vrivkm vri42017km




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune