Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Konferanse Kompetansemeklar på seminar med oppdrettsverksemder


Publisert av Arne Monrad Johnsen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 30.06.2017
 

Torsdag 15. juni deltok kompetansemeklar Paul Jacob Helgesen på vegne av VRI 4 på fagseminar i lag med mange oppdrettsverksemder i fylket. Seminaret var del av ei rekkje arrangement i samband med Himmel og Hav i Florø (15.-18. juni).

Vegen til eit godt omdømme var sentralt i fleire tema som var oppe.  Innsikt i oppdrettsamarbeid i andre landsdelar, nytt frå Salmon Group, marknad for laks i Spania, og marknad for røykelaks produsert i Norge var blant tema. 

Innovasjon og nyskaping gjekk igjen i fleire av temaene. Fiskeriutsending Hildegunn Fure Osmundsvåg peika blant anna på behovet for innovasjon innan produktutvikling for å oppnå
«added value». 

Salmon Group sin nye sjef Anne-Kristine Øen fortalde også om svært stor FoU-aktivitet hos deira medlemmar. 

På seminaret var også Svanøy Røykeri med dagleg leiar Gro Tveit Sveen.   Svanøy Røykeri er eit godt døme på korleis ei verksemd kan ha god nytte av ordningar som VRI.  Dei fekk tildelt litt midlar frå VRI – Sogn og Fjordane i 2009. Gro fortel at den hjelpa dei fekk den gongen - og spesielt gjennom dei miljø og personane dei vart satt i kontakt med - tilsaman var avgjerande for deira satsing på nye produksjonslokaler! 



Bilde: 1 Gro Tveit Sveen med ny emballasje til nytt varmrøykt produkt.

Svanøy Røykeri er no iferd med å utvikle eit nytt varmrøykt produkt, og kunne stolt vise fram emballasjen som snart skal fyllast med god laks! 

På laksens dag 17. juni kunne heldige personar få smake på laksen og komme med tilbakemeldingar.  Dette vil bli god input til pågåande prosjekt der ein også skal utvikle ein unik og historisk røykemetode.  Prosjektet har fått støtte frå Innovasjon Norge. 

I løpet av hausten er planen at produktet er å finne i enkelte butikkar. Nam nam!

Artikkel på nettsida til fylkeskommunen 26.juni 2017

Resultat:

Adresse og område med aktivitet:

Arrangør:
Himmel og Hav i Florø (15.-18. juni). 

Oppstartsdato: 15. juni 2017
Avslutningsdato 15. juni 2017

Forankra til:
VRI4 Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vri4 vri42017 vri4blå vri4marint




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune