Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Næringsforum 15. juni 2017


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 19.06.2017
 

Hovudtema på næringsforum på Thon hotell Jølster den 15 juni er reiselivssatsinga og næringsforum si rolle i lys både av røynslene så langt og i lys av regionreforma.

Dagsorden for møtet:

  1. Introduksjon v/ Jan Heggheim
  2. Gjennomgang av reiselivssatsinga v/ Jan Heggheim
  3. Ny fylkeskommune – kva seier reforma og kva må vi arbeide vidare med framover? v/ Jørund Nilsen, KMD
  4. Smart spesialisering. Kva er aktuelt for oss? v/ Lars Hustveit
  5. Diskusjon. Næringsforum sitt arbeid v/ Jan Heggheim

Resultat:
Desse møtte:  Frode Henden, Rune Fromreide, Christian Rekkedal, Jan Heggheim (møteleiar) og Lars Hustveit.
Gjest: Jørund Nilsen frå KMD.

Referat:

Reiseliv.

Jan Heggheim gjekk gjennom status.  Sjå vedlagt presentasjon. Hovudbodskap: det strategiske valet om satsing på vandring er følgt opp.

Ny fylkeskommune – kva seier reforma og kva må vi arbeide vidare med framover?
Lysarka Jørund Nilsen brukte ligg ved.  
Spesielt relevant for næringsforum:

  • Staten vil instruere underliggande etatar om å vere aktive partnarar i regional planlegging
  • Ein ambisjon det vert arbeidd med: Større fridom for regional stat slik at ressursane dei disponerer kan inngå i handlingsplrogramma for regionale planar.
  • KMD ønskjer pilotprosjekt og forsøk som del av prosessen.  Sjå lysark om dette.
Smart spesialisering. Kva er aktuelt for oss?
Lars Hustveit hadde tre hovudpoeng:
  • Vi bør sjå nærare på omstilling og nyskaping i lys av analyser av "beslekta mangfold".
  • Analysearbeid for Vestlandet er no finansiert.
  • Sogn og Fjordane deltek i EU-kommisjonen sin "smart region" plattform innan "marine renewable energy".
Næringsforum sitt vidare arbeid.
Som bakgrunnsmateriale for temaet låg det føre eit notat om næringsforum si rolle utarbeida av Lars Hustveit.  Jan Heggheim presenterte problemstillingar gjennom lysark som ligg ved.

Konklusjonar:
  • Det vert etablert eit arbeidsutval (FK, IN og FMLA) som føl opp løpande arbeid.
  • Den grundige oppfølginga av bransjesatsingane skjer frå 2018 utanom samla næringsforum. Kven som deltek vil vere fleksibelt frå satsing til satsing. Det er føresett at viktige problemstillingar vert løpande lagt fram for næringsforum.
  • Næringsforum vert inviterte til å delta i 4 faste møte pr år. Eit av desse møte handsamar årsrapport og årsplan. Eit av møta er via politiske problemstillingar saman med Hovudutval fpr næring og kultur.
  • I første kvartal 2018 vert det lagt opp til at næringsforum drøftar status og ev justering av verdiskapingsplanen
  • Jan Heggheim føl opp spørsmålet om ev justeringar i samansetjing av næringsforum

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 15. juni 2017 09:00
Avslutningsdato 15. juni 2017 13:30

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

170614 Jan H om Rolla til Næringsforum.pdf
170615 Nilsen KMD næringsforum.pdf
170615 Reiseliv Næringsforum.pdf
170615_NOTAT_Næringsforum si rolle.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune