AGENDA
1. Velkomen, og presentasjon av deltakarane (am og alle)
2. Kort gjennomgang av prosjektet VRI4 og status (bakgrunn, utfordringar, overordna mål og mål , verkemiddel, handlingsplanar, etc.) (AMJ-PPP og DL)
3. Kort presentasjon av status for måloppnåing for Sogn og Fjordane. Nokre tabellar og grafar som viser tal søknader til regionale, nasjonale og internasjonale FoU-program og kva suksess me har hatt. Oppfordrar alle til å ta med 1-2 tabell eller graf som viser utviklinga for sitt område (alle).
4. Grundigare gjennomgang av verkemidlane, og korleis me brukar vår modell for trinnvis innovasjon for å skildra desse. Modellane kan du finna i bruk på nettsida til fylkeskommunen som vist til under (AMJ og DL)
5. Treffer verkemidlane våre, eller ligg problema andre stader. Kva om me nyttar vår metode på oss sjølv. Finst det nokre kritiske suksessfaktorar som må «løysast» for at våre verkemidlar skal kome til sin rett? Ei praktisk øving (AMJ + alle)
Lunsj
6. Kompetansemeklarar. Gjennomgang av søknadane og innstilling for kvar rolle. Innføring i vårt oppdrag, ved Katrine Wilson Røkke, innkjøpssjef.
7. Søknader og spørsmål om prosjekt. Diskusjon om korleis me skal handsama søknader, og konkret handsaming ved aktuelle søknader (AMJ innleiar)
8. Rapporteringskrav til Forskingsrådet. Halvårsrapport til Forskingsrådet – diskusjon om svar i skjema motteke av Forskingsrådet, som er ein forenkla variant i denne omgang (AMJ innleiar)
9. Plan for møte i arbeidsgruppa ut 2017, for fellesaktivitetar og eventuelt andre aktivitetar. Behov og møteform. Kva seier planen? (AMJ innleiar)
10. Samordning med andre verkemiddelaktørar og regionale satsingsområde. Innleiande diskusjon (alle). IN har ei rekke med verkemiddel som høyrer heime i innovasjonsprosessen.
11. Presentasjon og diskusjon av aktuelle nettsider og verkty (AMJ innleiar):
Fylkeskommunen: VRI4
RUP-Norge: VRI4
Facebook: VRI Sogn og Fjordane
12. Andre saker eventuelt.
Deltakarar på møtet var:
- Dag Lothe, Forskingsrådet regionansvarleg.
- Zuzana Nordeng, forskar/EU-rådgjevar, Vestlandsforsking.
- Karianne Kojen Andersen, rådgjevar H2020
- Arne Monrad Johnen, prosjektleiar VRI4, SF fylkeskommune
- Katrine Røkke Wilson, innkjøpssjef SF fylkeskommune, delvis med.