Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Møte i Næringsforum 7. februar 2017


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 30.01.2017
 

Møtet handlar om satsinga kunnskap
Møtestad Skei

Viktige tema er tenesteytande næringar, FoU mobilisering, Venta utlysingar frå SIVA (Katapult) og NFR (Kapasitetsløft) og arbeidet med Teknologicampus

Agenda:

Godkjenning av innkalling og møtereferat

1  
Føringar for arbeidet med "lett" revisjon av verdiskapingsplanen i 2018.  Sjå VEDLEGG

2  
Status: Dei 5 ambisjonane formulerte i den 4-årige handlingsplanen innan satsinga kunnskap (kap 5.3.3  -  http://verdiskapingsplanen.no/handlingsplan/5-kunnskap/5-3-hovudaktivitet-med-milepaelar/5-3-3-utviklingsarbeid-5-ambisjonar-fram-til-2018/
Sjå vedlegg


Utdjuping:

  • KIFT v/ IN
  • FoU Mobilisering v/ Arne Monrad Johnsen
  • Kapasitetsløft (VEDLEGG) og katapult v/ Lars Hustveit
  • Teknologicampus - opplæring og verdiskaping v/ Jan Heggheim
4
Ymse (meld inn saker)
Møteplan vidare
  • Framlegg i møtet

Resultat:
Desse møtte: Nils (LO), Jan Atle og Silje (NHO), Jan og Lars (SFFK), Erik (HVL), Bente (KS), Merete (VF), Rune (IN) og Christian (FMLA)

Sak 1 og 2

  • SFFK var oppmoda om å ta opp med Fylkesutvalet tal prioriterte ambisjonar
  • Semje om å halde fram ambisjonen om å få til ei fornybar energi-satsing sjølv om dette tek tid
  • Semje om ikkje å dra i gang eit ambisiøst arbeid om "kva skal kommande generasjonar leve av" no.  Vi bør t.d. sjå dette arbeidet i lys av regionreforma.  Mykje vert avklara i 2017 som har betydning for eit slikt arbeid
Sak 3
Rune Fromreide orienterte om arbeidet med kunnskapsintensiv tenesteyting i Innovasjon Norge.  Hovudbilete: Tal "KIFT"-bedrifter aukar og Innovasjon Norge prioriterer midlar til utvikling av denne typen bedrifter. Leiardeltaking i internasjonale kompetanseutviklingsprogram vart trekt fram som spesielt vellukka.  Presentasjon vedlagt.

Lars Hustveit orienterte om Katapult (SIVA) og Kapasitetsløft (NFR).  Ingen innvending om at partnarskapen prøver å sjå desse to programma i samanheng.  Møte med representantar for aktuelle teknologibedrifter 14/2.  Deretter tek SFFK ansvar for eit møte med forskingsmiljøet ved HVL / VF. (Presentasjon ligg ved)

Rolf Årdal orienterte om kompetansestrategiarbeidet og Teknologicampus. Det vert arbeidd både strategisk og med å etablere konkret prosjektarbeid. (Presentasjon vert lagt ved når den er tilgjengeleg)

Sak 4
Erik Kyrkjebø orienterte om utviklinga av HVL.  Ny organisasjon er på plass frå 1/1 2018.  Det vil m.a. bli etablert eit råd på Vestlandet for samarbeid med arbeidslivet (RSA)  I tillegg er ambisjonen å halde fram med eit RSA for det geografiske området Sogn og Fjordane.  Erik hadde von om at tidlegare ambisjon "Kunnskapsstamveg" kjem opp att.

Møteplan:
7/2 - Skei (Kunnskap)
5/4 - Sandane (Fornybar energi)
15/6 - Førde (Landbruk / Reiseliv)
5/9 - Skei (Nyskaping / Planar for året som kjem)
24/10 - Saman med HNK / Sjømatnæringar  

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 7. februar 2017 10:00
Avslutningsdato 7. januar 2017 14:00

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

170130_Vurdering i 2018.docx
170131_Kunnskap_status kap 5-3-3.docx
170131_Malforskisse-kapasitetsløft.docx
170203_KogK_for_NF07022017.pdf
170207_KIFT2017.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune