Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Næringsforum 5/2 2016 om kunnskapssatsinga


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 05.11.2015
 

Hovudtema: satsinga kunnskap


Eksternt innslag:
Innleiing ved Bjørn Barvik, KMD om nasjonal satsing på kunnskap

Oppfølging av verdiskapingsplanen:
Vedlagt ligg ei liste over tema som er prioritert for drøfing

Stad: Sunnfjord hotell, Førde
Tidspunkt: 09:30 -14:00 den 5/2 2016

Desse møtte: Halvor Flatland, Bekka Skåsheim (etter lunsj), Merete Lunde, Christian Rekkedal, Frode Henden, Nils P Støyva, Lars Hustveit og Rolf Årdal.  Gjest: Bjørn Barvik, KMD

Resultat:

Bjørn Barvik orienterte om KD og KMD si oppfølging av OECD sin skills strategy.  Sogn og Fjordane er pilot i den regionale satsinga. 
Lysarka frå innleiinga ligg ved.

Oppfølging på nasjonalt nivå:

  • Konferanse for pilotfylka i Bergen i slutten av juni
  • Nasjonal konferanse i sept./okt.  sannsynlegvis kopla mot ein konferanse om smart spesialisering
Opplegget Barvik presenterte fekk god mottaking i næringsforum. Forumet vil følgje opp


Oppfølging av satsinga kunnskap


1 Kva skal framtidige generasjonar leve av?

Næringsforum åtvara mot ei tilnærming som føreset tung medverknad frå partnarskapen. Semje om at dette temaet handlar om å legge ein langsiktig kunnskapsstrategi.  Skills strategy oppgåva Barvik orienterte om, må både følgjast opp med eit opplegg for å snu seg raskt rundt for å løyse kortsiktige kompetansebehov og å tenkje langsiktig for å utvikle kunnskapsinfrastrukturen. Vi bør kople saman dei to prosessane.  

Lysarka frå innleiinga ligg ved.

2 Kunnskapsintensiv tenesteytande næringar

Innovasjon Norge vil prioritere proaktivt arbeid i 4 lokasjonar; Måløy, Stryn, Florø og Sogndal.  Særleg vart det framheva kva potensiale det ligg tenester retta inn mot aktiviteten i Lefdal gruver
Innovasjon Norge opplever ikkje spesielle koorineringsproblem knytt til beslekta arbeid i IT-forum, VRI, næringshagar eller inkubatorane.  Frå IN-ståstad er det mest effekt av inkubatorane.  Dei ser få effektar i form av søknader til IN initiert gjennom VRI- og næringshagearbeidet.

3 Skular som kompetansesenter

Lysark frå innleiinga ligg ved.  Bekka Skåsheim supplerte og la vekt på dialogen med kommunane, det å finne vinn-vinn situasjonar.  V.g.s. har sannsynlegvi både ledige lokalitetar og folk framover.

Prioritert sak for oppfølging:
  • Teknologicampus  
  • Opplæringskonsesjon i Måløy
  • KMD / KD sitt initiativ orientert om ovanfor
4 Samarbeid med forskingsrådet "etter VRI"

Eit notat om vidare arbeid "etter VRI" ligg ved.  
Konklusjon:
  • Jan Heggheim får fullmakt til å finne 2-3 personar som fungerer som skrivegruppe i høve søknad lyst ut i mai.  Gruppa legg fram sitt arbeid for diskusjon i ein work shop 1. september. Fylkeskommunen formar ut eit oppdragsbrev for gruppa straks utlysingsteksten ligg føre i mai.
  • Gruppa kan inntil vidare arbeide på grunnlag av desse to signala: 1)Legg eit grunnlag for at VRI-verkemidla etter kvart vert institusjonaliserte i det faste arbeidet. 2)Korleis kan «etter-VRI» arbeidet i 2017-2019 bli betre integrert i bransjesatsingane / oppfølginga av industristrategien.
  • På møtet 1/9 vert samarbeidet NFR inviterer til på leiarnivået også eit tema.  
5 Orientering om utviklingsavtale VF-HiSF-SFFK

Viktig tema for næringsforum; 2015: resultatinformasjon. 2016: internasjonalisering 

6 Orientering om interreg initiativ

Søknadsfrist 13/5.  Tema innovative nettverk (ref handlingsplanen).  Næringsforum vert kontakta om å delta i interessentgruppe i prosjektet.

7 Prioritering

Merknad til uferdig tekst til årsplan for satsinga kunnskap:
  • Ta med pilotprosjektet KMD orienterte om
  • Ta med i  moglege koplingar verkemiddelapparat - utdanningsinstitusjonar i kartleggingsarbeidet som vedkjem skular som kompetansesenter.  
  • Kunnskapsintensiv tenesteytande næringar; ta med potensialet frå etabl. Lefdal gruver

Møteplan næringsforum:
Sogndal 22/4
Balestrand 9/6
Florø 25/8
Saman med HNK 25/10
Førde - 29/11
Eid 8/2 2017

Ekstra møte om kunnskap 1/9 (for næringsforum m/ fl)
- om nytt samarbeid med NFR
- om pilotprosjektet initiert av KD og KMD

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 5. februar 2016 09:30
Avslutningsdato 5. februar 2016 15:00

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

160122_Kunnskap som tema for næringsforum.docx
160129_VRI_oppsummering av møte med NFR.pdf
160201_om interreginitiativ.pdf
160205_orientering frå KMD.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune