Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Næringsforum 3. november 2015


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 28.01.2015
 

Hovudtema for møtet vert:
- Reiseliv (bakgrunnstoff er sendt ut i e-post 1/10)
- Landbruk (bakgrunnstoff sendt ut i e-post 29/10)
- Årsplan for 2016 (mal i dokumentarkivet)
- evaluering av arbeidet i næringsforum

Møtet tek til kl 09:30

Kort intro


Reiseliv

Tre tema er varsla frå fylkeskommunen som viktige å få drøfta:
- Behov for eit forum for reiseliv 
- Fellesgodeproblematikk
- Måleindikatorar

Etter lønsj (kl 13)

Landbruk

Satsinga ligg no klar for å bli sendt til Fylkeutvalt for å bli lagt ut på høyring

- Er det noko i framlegget de vil kommentere (som de meiner bør  bør nemnast i saksutgreiinga)?

Årsplanen

På dette møtet er det tid for å gi innspel som næringsforum vil ha formidla til dei som no skriv årsplan for satsingane.  Deira frist er 11/12 (seinare utsett til januar)

Avsluttingsvis vil vi ha synspunkt på arbeidet i næringsforum

Resultat:
Desse møtte: Ingeborg, Inger Merete, Christian, Jan, Lars, Nils P, Halvor, Frode, Bente, Erik.  Forfall: Jan Atle.

Det vart innleiingsvis orientert om budsjettsituasjonen i verkemiddelapparatet og omorganisering i fylkeskommunen.  

Hovudtema REISELIV

Ingeborg, Inger Merete og Christian orienterte om arbeidet.
Hovudkonklusjon: Ingen vesentlege avvik vart rapportert. Næringsforum ber ikkje om endringar i arbeidet.

Tre tema var meldt inn på førehand.

Konklusjonar:

Dei operativt ansvarlege v/ Ingeborg utdjupar nærare kva føremål og oppgåver eit reiselivsforum bør ha.  Jan luftar temaet i sitt innlegg på reiselivskonferansen i november

Dei operativt ansvarlege (Ingeborg, Christan og Inger Merete) føl opp Vest Norsk Cruise strategi med tanke på berekraftig utvikling

Leiarnivået v/ Jan føl opp to problemstillingar som må løftast politisk:

  1. Tema kurtax (fellesgodefinansiering).  Strategi: Få tema løfta fram frå reiselivskommunen Stryn
  2. Datagrunnlaget for reselivsarbeidet må bli betre. Vi må få nasjonale miljø til å prioritere oppgåva

LANDBRUK:

Næringsforum ba om at statistikk som syner utviklingstrekk kjem betre fram. (vert gjort på nettsidene det er vist til i satsinga).  

Næringsforum sakna nokre problemstillingar og
ønska derfor at det i høyringsfasen vart stilt spørsmål til høyringsinstansane om følgjande:

- Høyringsinstansane bør bli utfordra på å seie noko om på kva område landbruket har best utsikter til vekst og utvikling.
- Høyringsinstansane bør bli utfordra til å seie noko om utfordringar knytt til yrkeskombinasjonar (mangesysleriet på bygdene).
- Høyringsinstansane bør bli utfordra til vurdere kva dei meiner er viktig for å rekruttere ungdom til næringa

ÅRSPLAN for 2016

 Forumet vart informert om framdrifta med årsplanen:
  • Årsplan er eit formelt krav
  • Koordinatorane har frist til 11/12 med å legge fram sine framlegg
  • Næringsforum gir tilbakemelding til årsplanen gjennomført som ei e-posthøyring i januar

VURDERING AV NÆRINGSFORUM
  • Næringsforum ønskjer å mjuke opp forma ved å inkludere større innslag foredrag og bedriftsbesøk
  • Ein ser at det krevst øving i å legge fram eit stort tema for næringsforum.  Lars og Jan vidareutviklar malen for presentasjon.  Tanken er at dei operativt ansvarlege identifiserer nokre problemstillingar dei vil setje på dagsorden.  Medlemmene i næringsforum skal ha tilgang til informasjon (rup.no) slik at dei på sjølvstendig grunnlag kan ta opp aktuelle tema som vedkjem satsinga.

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane
Vestlandet

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 3. november 2015 09:30
Avslutningsdato 3. november 2015 14:45

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

151103_reiselivspresentasjon.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune