Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Næringsforum i Måløy 2. september 2015


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 28.01.2015
 

Hovudtemaet for møtet: Sjømatnæringane

Desse deltok i møtet i næringsforum kl 12:30 -15:30 i kontorlokala til Fiskeridirektoratet i Måløy:
Jan Heggheim (møteleiar), Frode Henden, Bente Nesse, Vidar Ulriksen, Halvor Flatland, Lena Søderholm, Lars Hustveit (referent)

Dagsorden:

  • Orientering om arbeidet i Fiskeridirektoratet (lysark i dokumentarkivet)
  • Skal medlemmene i næringsforum ha varamedlemmer
  • Kort orientering om studietur "teknologicampus" 
  • Kort orientering om initiativ frå kunnskapsparken om avfall som grunnlag for ny industri
  • Hovudtemaet: satsinga sjømatnæringane

Resultat:

1   AKTUELT FOR NÆRINGSFORUM

Spørsmålet om medlemmene skal ha vararepresentant vert oppfølgingspunkt på neste møte.  Det var delte meiningar i forumet.

Fylkeskommunen orienterte om studietur "teknologicampus". Studieturen inngår som ein del av forstudiet initiert gjennom industristrategien (status utkast).  Oppfølgingsmøte er avtala 16/10 2015. Dokumentasjon finst under satsinga kunnskap.

Kunnskapsparken i Sogn og fjordane har teke initiativ til eit nytt program om grøn vekst basert på avfall som ressurs.  Forumet vart orientert.  Innovasjon Norge og fylkeskommunen føl opp.


2   SJØMATNÆRINGANE

Lena Søderholm orienterte.  Hennar presentasjon ligg i dokumentarkivet.

Oppfølgingspunkt:
1 (gjeld alle satsingane)
Det trengst vidare arbeid med forma for å presentere resultatinformasjon. Informasjonen må vinklast slik at næringsforum får vurdere om ein er nøgde eller om det trengst ekstra eller justert innsats.  Oppfølging gjennom utviklingsavtalen med HiSF og VF.
Ansvar: Lars
2
Det manglar forpliktande medverknad frå OA og PSA i fylkeskommunen til arbeidet med rekruttering / kunnskap og med arealplanlegging.
Ansvar: Jan
3
Det er ønskjeleg at FoU vert ein tydlegare ambisjon både innan innovasjonsaktiviteten IN har ansvar for og innan arealplanlegging.
Ansvar: Halvor (avtalt innsats) og Jan (føringar for RFF-Vest)
4
Det vert etablert programgrupper innan rekruttering og kunnskap og innan arealplanlegging.  Gruppene får ansvar for å presisere mål for arbeidet (med formell godkjenning i årsplanen)
Ansvar: Lena

Elles vart det drøfta: 

  • Om næringsforum er rett styringsgruppe for satsinga. Konklusjon: Ingen endring
  • Korleis utvikle det politiske oppfølgingsarbeidet.  Ingen konklusjon
Det kom ikkje synspunkt frå næringsforum på at prosjekt- eller programportefølgja i satsinga burde endrast.


Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 2. september 2015 13:00
Avslutningsdato 2. september 2015 15:30

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

150902_presentasjon fiskeridirektoratet.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune