Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Møte i næringsforum 23/6 2015


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 28.01.2015
 

Hovudtema i møtet vert:
- Fornybar energi
- Landbruk

Sakliste:

Aktuelt for næringsforum

- Status i arbeidet (td om pågåande arbeid med ny
regional planstrategi / høyring av industristrategi) v/ Lars / Jan
- Aktuelt om satsinga kunnskap v/ Lars
- Om Næringsforum si rolle i høve reiseliv v/ Jan

Fornybar energi. 
Statusgjennomgang v/ Jan Heggheim

Landbruk.
Statusgjennomgang v/ Christian Rekkedal og Bjørn Harald Haugsvær

Resultat:

Desse møtte: Erik Kyrkjebø, Jan Heggheim (møteleiar), Bente Nesse, Bjørn Harald Haugsvær, Christian Rekkedal, Halvor Flatland, Frode Henden, Lars Hustveit (referent).

Møtestad: Skei hotell


Referat:

1 Aktuelt for næringsforum

Neste møte i Måløy 2/9 slik som føresett
Nytt: Det vert teke initiativ til bedriftsbesøk mellom kl 10 og 12
 
Ny regional planstrategi (RPS):

  • Ønskjet om ei god felles målformulering vart presentert og godt motteke.  Tema "Grønt skifte" og tema "omdømmebygging / attraktivitet" som grunnlag for å rekruttere kompetente medarbeidarar vart kort drøfta og vurderte som gode innfallsvinklar for neste RPS. Medlemmene streka under at arbeidet med RPS ikkje bør bli så omfattande som sist.  Viktig med godt samarbeid med kommunane og deira arbeid med kommunale planstrategiar.
Industristrategi på høyring:
  • Fylkeskommunen informerte om at vi denne gangen prøver ut digital tilbakemelding som einaste form
  • Studietur om "Teknologi-campus" i slutten av august kan sjåast på som del av høyringa og som forstudie for ev prosjekt.
Aktuelt om satsinga kunnskap:
  • Tinginga til RFF vert tema på næringsforum 2/9 i Måløy
  • Semje om at vi må prioritere opp arbeidet med ordninga "kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø". Innovasjon Noreg har eit spesielt ansvar for informasjon og mobilisering. arbeidet med ordninga kan knytast til satsinga kunnskap.  Oppgåve på kort sikt: Følgje opp Maritim forening som har fått høve til å vidareutvikle si søknadsskisse.  IT-forum får også vidareutvikle si skisse.  Dette arbeidet er på eit godt spor.
  • Det er naturleg å knyte utviklinga av FoU i satsinga kunnskap tett opp mot søknad om delfinansiering gjennom forskingsrådet si regionale satsing etter VRI. Sjå: http://www.forskningsradet.no/prognett-vri/NY_regional_satsing_2017/1254009745962
Reiseliv - næringsforum si rolle
  • Semje om at næringsforum tek det overordna ansvaret for å koordinere dei tre elementa i reiselivssatsinga (berekraft, infrastruktur, det bedriftsretta)
  • Eit hovudmøte i året + førebudde saker under aktuelt elles i året
  • reiselivskonferansen var tema:  Viktig møteplass - legg opp til ein attraktiv møteplass slik at næringa møtest. Jan føl opp Sparebanken Vest si deltaking.  Ønskje om at dei deler kostnadene.  Deltakaravgifta kan gjerne opp.  Resten dekka av IN og FK. 
Avsluttinsvis vart det oppsummert at økta "aktuelt for næringsforum" bør vere førebudd slik at det enten er formulerte vedtakspunkt eller at det går klart fram at føremålet er orientering.  Dette slik at økta vert helden innan tidsråma 1 time.


2 Fornybar energi

Jan presenterte status og framlegg til vidare arbeid:
  • Forslaget no er å konsentrere arbeidet om forretningsutvikling: Eit vesentleg mål for ei oppfølging av dette emnet er difor å 1)synleggjere og konkretisere forretningsområde, og 2) fremme samhandling for å få desse fram til lønsamt nivå.
  • Eit lite sekretariat bør kunne ha tilhald hos ein av aktørane, gjerne eit av energiselskapa,
    men også hos Innovasjon Norge eller fylkeskommunen. Vi kan tenkje oss følgjande årlege kostnader:

    Sekretariat            kr 1.500.000
    Prosjektkostnader  kr 1.500.000

    Eit slankt sekretariat med ein tilsett bør kunne finansierast slik:

    Innovasjon Norge           500.000
    Fylkeskommunen           500.000
    Energiselskapa               500.000

    Prosjektkostnader er aktivitetsavhengige. Tanken er at desse blir finansierte av deltakande næringsliv, sjølvsagt med offentleg medverknad der det er naturleg. Næringsdelen er føresett å vere høg.

  • Diskusjon:  1) Temaert er viktig for Sogn og Fjordane  2) Kan det vere at aktørar utanfor fylket bør trekkast inn?

3 Statusgjennomgang - utvikling av satsinga landbruk

Fylkesmannen, landbruksavdelinga hadde lagt ut eit notat på førehand og gjekk gjennom ulike idear med hjelp av lysark i møtet.  Lysarka ligg ved (manglar pr 29/6).

 Råd vidare:
  • Bruk 2014 som 0-punkt for å etablere eit utgangspunkt
  • Vurder landbruk som tema for søknad inn mot ordninga "kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø"
  • Ulike syn på strukturen i dokumentet.  FMLA vil sjå på om FoU kan integrerast i delsatsingane mot dei prioriterte målgruppene.
  • Verdikjedeperspektivet: Viktig med møteplassar der næringsmiddelindustrien deltek.

Adresse og område med aktivitet:
Sogn og Fjordane

Arrangør:

Oppstartsdato: 23. juni 2015
Avslutningsdato 23. juni 2015

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25




Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune