Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Møte i næringsforum 14/4 2015 på Skei


Publisert av Lars Hustveit (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 28.01.2015
 

Hovudtemaet på møtet vert:
- Heilskapen i satsinga - neste års budsjett
- Nyskaping
- Industristrategi
- Fagskulen

Dagsorden.  
Næringsforum 14/4 kl 9:30 – 15:00

9:30 – 10:15  Status.  Kvar er vi no ?  Viktige oppgåver framover 
a.   Innleiing v/ Jan Heggheim
b.   Gjennomgang av møteplanen og mal for presentasjon av hovudtema på møta i næringsforum framover v/ Lars Hustveit 

10:15- 11:30 Nyskaping v/ Endre Høgalmen

 
12:10-13:00  Fagskulen v/ avdelingsleiar i Førde, Eilert Årseth

13:00-14:00  Industristrategi v/ prosjektleiar Harald Husabø

14:00-14:30  Kva store løft ser vi framover og som er
viktige som innspel til kommande budsjettarbeid i partnarskapen

14:30-15:00  Ymse

Resultat:
Desse faste medlemmene møtte: Jan Heggheim, Jan Atle Stang, Erik Kyrkjebø, Bente Nesse, Frode Henden og Christian Rekkedal.  I tillegg Harald Husabø, Eilert Årseth, Endre Høgalmen og Lars Hustveit (referent)

Konklusjonar:

- Næringsforum si oppfølging av satsingar
Næringsforum sluttar seg til mal for korleis ei satsing skal presenterast av operativt ansvarleg.  Sjå mal i dokumentarkivet - notat og lysark.
Næringsforum ber om at det for deira føremål vert forma ei sjekkliste som medverkar til å spisse næringsforum si rolle. 

- Heilskapen i satsinga - neste års budsjett
Medlemmene medverkar til at budsjett- og arbeidsplanlegginga i sine respektive organisasjonar tek omsyn til felles priorietering i verdiskapingsplanen.  

  • Viktigaste uløyste oppgåva er å få ressursar til å etablere satsinga fornybar energi.
  • Når industristrategien ligg føre, må det vurderast om det er klokt å koordinere betre arbeidet med velferdsteknologi / e-helse.  Vi konstaterer at industrien peikar på industrielle mulegheiter, at innovasjon Norge har e-helse som tema for utvikling av kunnskapsintensiv tenesteyting og at IT-forum arbeider med temaet.

- Nyskaping
Lysark frå presentasjonen ligg i dokumentarkivet.

Oppfølgingspunkt i det operative arbeidet (prioriterte):
  • Vidare arbeid med forenkling av verkemiddelapparatet. Føresetnad ei utgreiing
  • Lag indikatorar for nyskapingsarbeidet (særleg på temaet nyetableringar og på temaet verkemiddelapparatet)
Næringsforum tek temaet opp på nytt, seinast om eit år.
Prioritert oppfølgingsoppgåve for næringsforum:
  • Korleis mobilisere leiarane i partnarskapen til å arbeide for utflytting av statlege arbeidsplassar TIL Sogn og Fjordane / motverke uønska utflytting av offentlege arbeidsplassar FRÅ Sogn og Fjordane.  (Mogeleg kopling til arbeid med akkvisisjon som strategi for industriutvikling (sjå neste punkt))
Andre innspel:
Lag system for å kople gode idear bedrifter sjølv ikkje kan arbeide med - studentar - gryndarar
Etablerarkurs - vurdere opplegget
Program for småbedrifter - vurdere opplegget
Kommunale næringsfond - styrka som instrument for nyskaping

- Industristrategi
Positiv tilbakemelding på det som var lagt fram (lysark lagt i dokumentarkivet).  Positive til å bruke industristrategien i Nordland som inspirasjonskjelde.

Næringsforum sine medlemmer vert inviterte til møte saman med industriaktørar 8/5 på Skei.
Strategiutkast vert sendt medlemmene for kommentarar pr e-post (ikkje nytt møte)

- Fagskulen
Presentasjon ligg i dokumentarkivet.  Næringsforum vart gjort merksam på
  • ny NOU som set vidare utvikling av fagskulane på dagsorden og 
  • eit utviklingsprosjekt ved fagskulen som er viktig sett i høve måla i verdiskapingsplanen. 
Tre tilbakemeldingar:
  • Fagskulen må bli meir synleg
  • Avdelinga i Føre må vurdere om dei spreier seg for mykje med omsyn til kurstilbod
  • Vurder om utviklingsprosjektet kan ha nytte av ei referansegruppe

Adresse og område med aktivitet:
Møtet vart halde på Skei hotell

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune - Næringsavdelinga

Oppstartsdato: 14. april 2015
Avslutningsdato 14. april 2015

Forankra til:
Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:
vpsf25

Dokument til nedlasting:

150414_fagskulen.pdf
150414_Industristrategi Næringsforum - statuspresentasjon.pdf
150414_MAl for gjennomgang av satsing- presentasjon for næringsforum.pdf
150414_nyskaping.pdf


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune