Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Møte Ope møte om fritidsfiske etter laks og aure


Publisert av Elisabeth Aune (Sogn og Fjordane fylkeskommune), 07.03.2012
 

Korleis kan fritidsfiske etter laks og aure gje auka inntening for lokalsamfunna rundt elvane våre? Det er temaet når fylkeskommunen inviterer til ope kveldsmøte i Villakssenteret i Lærdal måndag 26. mars.

Intensjonen er å skape diskusjon om korleis vi kan auke den lokale verdiskapinga på grunnlag av fritidsfiske etter laks og aure i elvane i fylket. Dørene opnar klokka 17.00, og programmet varer til klokka 21.00.


Variert program

Blant innleiarane på møtet er Cato Lyngøy og Ragnhild Brennslett. Lyngøy er konsernansvarleg for miljø og teknologi i Marine Harvest. På møtet stiller han spørsmålet om endra rutinar kan hindre at oppdrettslaks når gytegropa.



Brennslett er nestleiar i styret i Norske lakseelvar og vil presentere ei suksesshistorie om god elveforvalting i Rana. Kanskje kan vi i Sogn og Fjordane lære noko av denne historia?


Heilskapleg akvakulturforvalting

Fylkeskommunen er ansvarleg for å forvalte akvakulturnæringa i fylket. Målsetnaden er å vidareutvikle denne. Samstundes har fylkeskommunen også eit mål om å bidra til å utvikle potensialet for auka verdiskaping basert på fritidsfiske av villaks. Dette er bakgrunnen for møtet.


Målsetnaden er nedfelt i arbeidsprogrammet for heilskapleg akvakulturforvalting (AHA!). Møtet markerer starten på AHA! si oppfølging for å bidra til auka verdiskaping basert på eit berekraftig fritidsfiske etter laks og aure.


Møtet er gratis, og er ope for alle som er interesserte.



Resultat:

Adresse og område med aktivitet:

Arrangør:
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppstartsdato: 1. mars 2012 17.00
Avslutningsdato 1. april 2012 21.00

Forankra til:
Arbeidsprogram for heilskapleg akvakulturforvalting. AHA!

Internasjonal status:

Kode og nøkkelord:

Dokument til nedlasting:

Program for Lærdalsmøtet.docx


Søk etter aktivitet

Fritekst:
Område for visjonen:
Type:
Internasjonal status:
Område med aktivitet:
År:
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune